Gaate - Inga Litimor 歌词

Inga Litimor på handkvern i kongsgarden mol og kvad dei små visone av ljos og liv og sol

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Då gjekk det bod at Inga må trø for kongjens stol og kveda alt som lyser av liv og ljos og sol.

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Ho kom seg til kongshall i skor frå finnegarn med hjartebank i bringa det bar for kongjen fram.

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

"Fribore namn og æra deg kongjen gjeva vil;
no, Inga, kan du syngje som best det høver til."

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

"Takk, stor er kongjens æra, song fugelen på kvist; men betre være elska, veit mannebarnet visst."

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

"So høyr eit ord, mitt siste: Eg byd deg brudelin. Det er den unge kongjen som sjølv må verta din."

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

"Men då må kongjen veta han ikkje skjemmast tarv; for eg er kongjedotter, og han sit i min arv."

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Og der vart vigsle-veitsla, og songen auka på, og hev'kje nyst dei slutta, så varer det endå

-Aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene
这个歌词已经 506 次被阅读了