Sunn 0))) - The Gates of Ballard Şarkı Sözleri

Eg heiter Håvard Hedde, og er so ven ein kar.
No vil eg burt og gifta meg og rydja meg ein gard.
Eg bur upp under fjell,
og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!

Eg heiter Håvard Hedde og bur upp under nut;
No vil eg burt og gifta meg, eg vil 'kje lenger ganga gut.
Eg bur upp under fjell,
og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!

Garden han er liten, men skogen han er god.
Der heve eg tvo furor, og dei skal stå i ro.
Eg bur upp under fjell,
og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!

Når borni dei vert mange, og skuldi aukar på.
So høgg eg ned den eine, den andre ho lyt stå.
Eg bur upp under fjell,
og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!

Men når me verte gamle og kvar skal hava sitt,
so høgg eg ned den andre, og då er skogen kvitt.
Eg bur upp under fjell,
og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!

Det var no ikkje undrands, at Håvard totte vondt;
Han reiste ifrå Lanje: Den myrke Haustenott.
Eg bur upp under fjell,
og gjenta hev eg lova. Eg svik ho inkje hell!

Han reiste ifrå Lanjei, og då var gjenta fest;
Men det var med ein annan, det hev han trega mest.
Eg bur upp under fjell.
Og gjenta hev eg lova - ho sveik meg likevel.
Bu şarkı sözü 132 kere okundu.