Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneska som han møter
dei ansar han aldri på.
Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.
Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.
Fekk gjort.
Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?
Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri aldri att.
Nådde han aldri att.
Bu şarkı sözü 219 kere okundu.