Vamp - Oles Vise Тексты

Så nøre eg atter ein nying
I skyggen av Akershus.
Ein tanke før sol e eg våken
Og lunke litt grut i mitt krus.
Mitt bål e den førsta lampå
Som gløde i søvnens by.
Men over meg svulme ein himmel
Alt svanger med kommande gry.

Se skipenes strenge skyggar.
Snart står de i klar profil.
Med baugar som glefse mot fjorden
Og hungre mot salte mil.
Hørr, fuglane våkne i muren,
Der fløy alt de første vekk.
Ja, stakkars de må vel på arbeid
Som gutta på Akers mek.

Som dei har eg slitt så det kjentes
Og nappa dun av mitt bryst.
Men nå har eg blitt så gammal
Og leve som Ole har lysst.
Sitt stilt og skrem ikkje småfuglen.
De pleie å komma her nå.
De vett eg har brød i lommå
Og vett at de pleie å få.

Og brødet det fekk eg av Hansen,
Ein ærlig stavangermann,
Som stjele litt snadder i bysså
Og gir meg sånn dann og vann.
Ellers så plukke eg blomster
Og pynte på Gullfiskens bord
Iblandt vanke salt kjøtt og erter,
Iblandt vanke venlige ord.

Og fange eg ål under bryggå,
Då selle eg ålen te Nils
Og sette meg høgt opp på vollen
I fred for å nyta min pils.
Der flamme blomster i graset
Og der syns eg verden e god.
Især når eg kan kjenna våren
Igjønå kvert hål i min sko.

Men nå har visst byen blitt våken,
Se kranane strekke hals.
Snart myldre alt folket mot lyset
Og kverdagens vettlause vals.
Då søke Ole te skyggen
Av parkens barmhjertige tre.
Konstabelen riste på håve,
Men lar meg få bli der eg e.

Farvel, eg må børsta av jakkå
Og gnukka litt lort av min hud.
For eg e ein svært gammal herre
Og rein vil eg møta min gud.
Этот текст прочитали 267 раз.