Hardingrock - Fossegrimen Тексты

Eg er ein som ingen kjenner
Aldri lik frå stund til stund
Eins med fossen stødt eg renner
Utfor stup og ned i grunn

Eg er ein du berre anar
Som eit spel i veldig sus
Ein som myrkje sjeler manar
Inn til seg i grime-rus

Eg gjer alle meir åleine
Lik ein ven du aldri vinn
For om meg kan ingen meine
At dei fram til hjarta finn

Eg er tru i den som tvilar
Eg er tvilen i kvar tru
Eg er fredløysa som filar
Otten under band og bru
Этот текст прочитали 196 раз.