Gaate - Stengd Dør Тексты

Mi dør er stengd med lås og slå,
eg høyrar nokon bankar på.
Ute blæs så kald ein vind,
men ingen, ingen slepp' eg inn.

Dei ute hører mørkret til,
dei vingla rundt og gjekk seg vill.
No kjem dei frå si daumannverd
Og krinsar kring på kvillaus ferd.

Og nåljøs brinn i deira fár.
Dei ropar, men fær ikkje svar.
Dei sk'kje gjeste meg i kveld.
Eg vaktar trufast på min eld.

Eg høyrer kor dei tigg og bed
Mi dør er stengd. Gå bort i fred!
Этот текст прочитали 479 раз.