Når verdo bler dumme, så leita
eg fram nåken gode ting;
Ein støvete blom i ei veita,
ein måse som fyke i ring.
Ein måne e go' nå' han velta
på ryggen og slappe av,
og føllte drops mens di smelta,
ei velstelte, gammadle grav.
Og ungar e og' når di grine,
ein hund nå' du kjeme him,
ei kalde pils e vel fine?
Og så e eg så glad i rim.
Eg lika regnet som sipa
nå regnet e mildt og lett,
ei nyrensa, snille pipa,
og noken som helde meg tett.
Har du sitt kossen Drammen lyse
på vei fra Oslobesøk?
Eg lika pyttar som fryse,
og sursild med masse løk.
Nå' jevedl slite og streva
seg inn i meg gong på gong
så vidt att' eg våge leva,
då laga eg ein toskjen song.
D'e hjelp i ein blom og ein måse,
ein måne, ei grav og ein hund,
og følte drops i ein påse
di trøsta ei lito stund.