Stein Torleif Bjella - Undergang Lyrics

No kjem det tomme i tunge velt, som godstog jøno hogstfelt.
Eg skulle sjølsagt vore blid, Norge er so rikt høyre eg dei si.
Lei tå dei som flutte ut, eg går og vasa i nedlagte bruk.
Eg ser ned, eg veit det eg veit, eg lengta etter deg og nærheit.

Eg såg for meg ein togtur, me kunne ha reist dit fleire bur,
eller berre sykla Ål rundt, det kunne ha vore fysisk sunt.
Svinga bortom demningen, det kunne ha hjølpt på stemningen.
Kanskje renn åne i fri flyt, kanskje renn ho stor og kvit.

Du kom med undergang.
Du kom med undergang.

Kunne ha reist innimellom te det vatnet eg prata om,
som berre eg kjenne te, som ligg stille og hemmeleg.
Som ingen ser frå Høgebrot, der eg har liggande ein båt,
rodd deg over stort djup, fiska langs grunnen lengst ut.

Du kom med undergang.
Du kom med undergang.

Eg skulle forstått, for då du tok mi hand
kjende eg altfor godt du bar på undergang.

For å få luft og lys gjekk eg te vatnet i dag,
og heiv stein på stålis, det sang som paukeslag.

Du kom med undergang.
Du kom med undergang.
This lyrics has been read 272 times.