Vreid - Eit Kapittel For Seg Sjølv Songtexte

Dei beksvarte stunder åleine
I den kaldaste mørktid
Då væta er den einaste venen
Og otta er berre mi

Då er einsemda stundom vakker
Ho gir tankane spelerom
Og skolten den blir brukt
Til å skapa heidendom

For fanden lokkar og lurer
Allestader ein går
Sjølv her eg sit åleine
Er det faenskapen som rår

Det er best å bli sitjande slik
Å tenkja på meg og mitt
For om andre skulle bry seg
Så vil einsemda kjenna seg snytt

Då gir eg svarte i dømande profetiar
Om kva som er den rette veg
For ingen kan vel fortelja
Kva som er godt eller ilt for meg

Nei då sprett eg heller korken
Og skjenker meg litt øl
Så kan de slarva i fred
Om tylen som er
Eit kapittel for seg sjølv
Dieser text wurde 218 mal gelesen.